Påskehilsen fra prosten - 2021


Med ønsker om en velsignet påskehøytid.

 

DEN NORSKE KIRKE

Prosten i Sandnes

 

 

 

Me skal møtast når dette er over…

 

Me har levd med kornapandemien i eit år.

I eit år har me håpa, ønska, lengta og bedt om at dette nå snart må og over slik at me kan frå tilbake den gamle kvardagen med meir fellesskap og mindre restriksjonar.

Ynskjer me den gamle kvardagen, eller håpar me på ein ny og betre kvardag?

 

For eit år sidan sidan inviterte ein menighet i Tromsø barn til å teikne og skrive noko om:   

«Det jeg savner. Det jeg gleder meg til.»

 

Frida Sommer 3C, Tromsdalen skule, laga ei teikning med regnboge og ein bamse. Teksten hennar var enkel: «Alt blir bra igjen. Jeg lover.»

 

Gjennom dette året har me sett mange liknande teikningar og tekstar. Det har vore små håpstekstar som har gitt oss bilete om ein ny kvardag.

 

Det er viktig å bera med oss positive håpsbilete som løftar blikket litt og gir oss krefter og pågangsmot.

 

Rahl 6 år teikna òg eit bilete samtidig som Frida.

Han teikna eit bilete frå langfredagen og påsken: Tre kors med sola og raude farger.

 

På den måten gir 6-åringen oss eit av dei sterkaste håpsbileta, eit bilete som er større og annleis enn alle dei gode bileta frå koronatida.

Alle bileta me får frå dei dramatiske og kaotiske påskedagane gir oss håpsbilete som rettar blikket mot ein annan dimensjon.

 

Her er det Guds håpsbilete me får nokre glimt av.

Her er det Herren sjølv som gjennomfører planen sin med å reinske ut det vonde viruset, vondskapen frå skaparverket.

 

Det er ein plan som sprenger tanken og utfordrar fornuft og tankesett. Den er større enn våre små og store håpsbilete om ein ny og betre kvardag.

 

 

 

 

 

 

                                               Sandnes 26.02.2021

 

 

 

 

 

I påsken demonstrerer Herren kampen mot djevelen og alle vonde makter. Gjennom Jesu kors og den tomme grava kjempar han mot synda, og sigrar.

Dette er håpet om ein nytt liv og ein ny kvardag.

 

 

Første påskedagen møtte Jesus læresveinane med denne bodskapen:

"Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg." Mt.28,10

 

Dei skulle møtast når dette var over.

På ein ny måte. Eit skjult og guddommeleg nærvær gjennom alle tider, pandemiar og alt som måtte skje.


Den kristne kyrkje held fast på dette løfte medan me ventar på at «dette skal gå over».

 

Men påsken malar eit enno sterkare håpebilete for oss: Biletet av det evige livet,  Guds nye verden på andre sida av døden.

Då er all vondskap over, all synd og det som  øydelegg livet på denne sida av døden.

 

Tekstforfattaren Hans Olav Mørk (65) har ein songtekst der han teiknar bilete av når pandemien er over:

Vi skal møtes når dette er over,

ved et bord i en smekkfull kafé, i en kirke,

i midtgangens vrimmel mot Guds alter

og det som skal skje. Vi skal feire og synge og le..

 

Gjennom påskefeiringa skal me feira, syngja og le med takk for det evige håpet Jesus gir:

 

Deg være ære, Herre over dødens makt.

Evig skal døden være Kristus underlagt.

 

God og velsigna påske til alle!

 

 

Ludvig Bjerkreim, 

prost

Tilbake