Påskeandakt 2020


Prosten har skrevet en påskeandakt til oss. 

 

DEN NORSKE KIRKE

Prosten i Sandnes

 

 

 

Simon frå Kyréne, Faremo og Lopes

 

Julio Lopes var ein fattig liten bonde i Guatemala.  155 høg.

Han opplevde borgarkrigen som raste frå 1960.Sjølv om freden først kom i 1996, var det stort sett fred frå 1984. Under krigen kom soldatane til landsbyen hans ei natt og tok med seg alle mennene.

Sjølv greidde han og sonen å gøyma seg i maisåreren i 3 veker. Medan dei låg der, såg dei mellom anna korleis soldatane utsletta 11 familiar.

 

Kring 1990 kom det fint besøk til landsbyen til Julio Lopes. Då kom Grete Faremo, som den gong var Bistandsminister.

Ho kom saman med ambassadøren, diverse andre høge personar og politivakter.

Ho skulle sjå litt om korleis norske bistandskroner var til hjelp for fattige indianarar.

 

Den fattige bonden ville gjerne takke Faremo for kongens pengar som dei hadde fått.

Og så var det noko han måtte spørje om når det gjaldt desse pengane. Difor stilte han dei opp etter rang på ein benk utfor huset sitt og spurte ministeren:

“Har du høyrd om Simon frå Kyréne?”

Nei, det hadde ho ikkje.

Så kom spørsmålet til ambassadøren og dei andre i fylgjet.

Ingen av dei hadde høyrt om denne Simon.

 

Då leste den fattige bonden frå Bibelen om Simon frå Kyréne, han som hjalp Jesus å bære korset.

Og så sa han til bistandsministeren:

“Vi treng ein som kan bera korset saman med oss.  Har du ikkje høyrt Simon frå Kyréne, veit eg ikkje om vi treng kongens pengar. Vi treng noko meir enn pengar. Vi treng trua, håpet og mennesker som kan hjelpe oss å bære Jesu kors.”

 

Det blei ei lekse som ministeren aldri gløymde.

 

 

 

 

 

Sandnes, 19.02 2020

 

 

Jostein Ørum skriv om Simon frå Kyréne:

«Jeg bar det tunge korset til retterstedet. Der la jeg det ned for ham. Han så på meg. Hva var det med det blikket?

Han tok korset, og jeg trakk meg stille inn i mengden.

Men jeg fikk meg ikke til å gå.

Jeg måtte bli, måtte se.

Stille og villig lot han seg spikre til korset.

Jeg så ham dø.

Så tok jeg fatt på veien hjemover. Jeg hadde ikke noe mer å bære på. Jeg hadde båret syndene mine fra byen Kyréne. Men jeg kom aldri til tempelet. Ikke den dagen, og ikke senere heller.

 

Jeg bar dem til Golgata i stedet.

De ble liggende der.”

 

Langfredagens store drama fortel om Jesus som gjekk vegen til Golgata.

Den malar for oss korleis Jesus, verda sin frelsar, bar syndene våre opp på korset.

 

På den måten opna han vegen like inn i Guds rike for oss.

Han bar syndene våre, slik at vi skal slappa å bæra dei.

Vi må leva med konsekvensane av handlingane våre, men korset og påsken fortel at den som trur, slepp å bera dei evige konsekvensane av syndene.

 

Trygve Bjerkrheim skriv slik i si enkle salme:

 

Takk at du tok mine byrder,

eit høgfjell av skuld og av skam.

Du bar det på skuldrene dine,

du skuldlause sonoffer lam.

 

So vil ved korset eg standa,

Med undring eg ser: Eg er fri!

Eg skal ikkje døy, eg skal leva

Med Jesus til æveleg tid.

 

Vi treng nokon som kan bera korset saman med oss på mange måtar.

I påsken feirar vi Jesus som bar korset for oss.

Han ber det stadig for oss.

 

God og velsigna påske til alle!

 

 

Ludvig Bjerkreim, 

prost

Tilbake